Retningsliner - uønskt seksuell merksemd

4 Handtering av seksuell trakassering

Når arbeidsgivar blir kjent med ein påstand om seksuell trakassering, har arbeidsgivar:  

  • plikt til å undersøke påstandene som har kome inn (aktivitetsplikta) 
  • plikt til å følge opp alle som er involvert i saka og gjere dei tiltaka som er nødvendig for at arbeidsmiljøet skal vere forsvarleg og for å hindre at seksuell trakassering skjer på nytt (omsorgsplikta) 

Arbeidsgivar skal ivareta den som seier ifrå og andre som er involverte. Det betyr mellom anna at den som seier ifrå ikkje skal bli utsett for gjengjeldelse (alle formar for straff eller negative sanksjonar mot den som har varsla). For å begrense konsekvensane av hendinga kan det vere behov for å tilrettelegge for den som har blitt utsett for seksuell trakassering. Arbeidstilsynet har utarbeida råd for korleis arbeidsgivar skal handtere varsling.

Det er viktig at saka blir tatt tak i så tidleg som mogleg. Kandidaten skal følgjast opp tett og saka skal/bør handterast på lågast mogleg nivå. Fylkeskommunen kan bistå om ønskeleg.