2 Kva er seksuell trakassering
Med seksuell trakassering meinast ei kvar form for uønskt seksuell merksemd som har som føremål eller verknad å vere krenkande, skremmande, fiendtleg, nedverdigande, audmjukande eller plagsam, jf Likestillings- og diskrimineringslova § 13.
Seksuell trakassering kan vere både fysisk, verbal og ikkje-verbal. Det kan skje på arbeidsplassen i arbeidstida eller utanfor arbeidssituasjonen som til dømes på firmafester, jobbreiser eller på digitale flater i arbeidsgivar sin regi. Det kan vere nok med eit tilfelle for at noko skal bli rekna som uønskt seksuell merksemd.
Døme på seksuell trakassering:
• seksuelle kommentarer om kropp og utseende
• simulering av seksuelle bevegelser
• visning eller sending av bilder og videoer med seksualisert innhold
• blotting
• klåing
• tafsing
• berøring
• overgrep