Retningsliner - uønskt seksuell merksemd

5 Råd til den som ser eller blir utsett for seksuell trakassering

Dersom du ser eller opplever seksuell trakassering skal du si frå til arbeidsgivar, slik at arbeidsgivar kan handtere saka. Du kan seie frå til leiar i bedrifta, fagleg ansvarleg, representant for dei tilsette, tillitsvald eller andre.


Det er fleire som kan hjelpe:

Lærebedrifta

Lærebedrifta plikter som arbeidsgivar å iverksette tiltak som er nødvendige for å førebygge og handtere mobbing, trakassering eller anna utilbørleg oppførsel på arbeidsplassen, jf arbeidsmiljølova §§ 4-1 og 4-3. Arbeidsgivar skal i samarbeid med dei tilsette arbeide aktivt for å skape gode sosiale arenaer som bidreg til eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø. 

Samarbeidsorgan for lærebedrifter

Dersom lærebedrifta er tilknytt eit samarbeidsorgan for lærebedrifter kan du ta kontakt med dei for råd og hjelp.

Opplæring i bedrift i fylkeskommunen

Møre og Romsdal fylkeskommune har overordna ansvar for all vidaregåande opplæring i fylket.  Dersom det er vanskeleg å ta opp saka internt i lærebedrifta, kan du ta kontakt direkte med fagrådgivaren i fylkeskommunen.

Bedriftshelseteneste

Du kan ta kontakt med Bedriftshelsetenesta som lærebedrifta er tilknytta.

Andre instansar

Det finst også frivillige organisasjoner og offentlege instansar lærlingen kan henvende seg til: 

Du kan lese meir om kva du kan gjere dersom du blir utsett for trakassering på Arbeidstilsynet sine sider.

Arbeidstilsynet har også informasjon om korleis du kan varsle om kritikkverdige forhold.