Elev-PCAlle elevar i vidaregåande skole må ha berbar PC som er god nok for skolebruk. Treng du PC til skolestart? Du kan leige elev-PC frå fylkeskommunen gjennom PC-ordninga eller bruke eigen PC. PC-ordningaElevar i Vg1 får tilbod om å leige PC frå fylkeskommunen. Du får du ein berbar PC med tre års garanti og tre års uhellsforsikring. Beløpet du betaler i leige, kan du få dekka av Statens lånekasse (utstyrsstipend). Etter tre år er PC-en din. Kva PC-modell du kan velje, kjem an på utdanningsprogrammet. Du vel modell og bestiller PC samtidig med elevregistreringa. PC-ordninga gjeld kun elevar i Vg1Svarfristen for PC-ordninga er 1. september, og det er ikkje mogleg å søke om dette etter fristen.Eigen PCDersom du heller vil skaffe deg eigen PC, må du sette deg inn i systemkrav og reglar for service og forsikring. ProgramvareElevar får gratis tilgang til programvare som er nødvendig i undervisninga, inkludert verktøya i Microsoft 365. Elev-PC for vaksneVaksne som startar opplæring må ha berbar datamaskin. Har du ikkje nytta deg av PC-ordninga før, kan du velje å kjøpe elev-PC frå fylkeskommunen. Tilbodet kan berre brukast ein gong og gjeld berre vaksne som har fått plass og takka ja til våre tilbod om opplæring for vaksne.Gå til skolestart-sidene for å lese meir om PC-ordninga, modellar, prisar, bestilling og foreldregodkjenningDette må du gjere før du sluttarFør du sluttar på skolen må du hente ut skolearbeid du vil ta vare på frå OneDrive, Teams og e-post og lagre dette ein annan plass. Når skolekontoen blir avslutta, blir alle data sletta, og det vil ikkje vere mogleg å hente ut dette seinare. NB. Det blir ikkje tatt sikkerheitskopi av brukarkontoen til kvar enkelt elev. Viss du er uroleg for å miste skolearbeid, bør du derfor ta ein sikkerheitskopi sjølv innimellom og lagre den på eit privat område.