InSchoolInSchool er systemet der du finn informasjonn om skolekvardagen, som for eksempel timeplan, fråvær, karakterar og meldingar mellom heim og skole. Logg inn på InSchoolTilgang for elevarDu loggar inn med Feide-konto (brukarnamn og passord).Før skolestart får du ein SMS om aktivering av Feide-kontoNår eleven er under 18 årForeldre har automatisk tilgang til InSchool og kan logge inn med ID-porten. Du må vere registrert med foreldreansvar i Folkeregisteret (FREG).Har du ikkje foreldreansvar i FREG (for eksempel fosterforeldre), må skolen registrere deg manuelt.Registrer kontaktopplysningane dine på kvar skole du har barn. Når eleven er over 18 årForeldre har ikkje lenger automatisk tilgang til InSchool, og skolen har teieplikt om elevenDersom foreldre skal ha tilgang til InSchool, må eleven gi samtykkeSlik fungerer detEleven loggar seg inn på samtykkeskjemaet, fyller ut og sender inn.Foreldre loggar seg inn på samtykkeskjemaet, fyller ut og sender inn. (Dette skjer ikkje automatisk – du må sjølv gå inn på skjemaet.).Skolen legg opplysningane inn manuelt i InSchool.Foreldre kan logge inn på InSchool når skolen har aktivert tilgangen. Andre omsorgspersonar enn foreldreDu må alltid ha samtykke frå eleven for å få tilgang til InSchool.Dersom eleven er under 18 år, må du også ha samtykke frå elevens foreldre.Omsorgsperson loggar inn samtykkeskjemaet og registrere kontaktopplysningar. Skolen legg desse inn manuelt i InSchool.Trekke tilbake tidlegare gitt samtykkeSamtykkeskjemaet skal også brukast dersom elevar, foreldre eller omsorgspersonar ønsker å trekke tilbake eit tidlegare gitt samtykke.Introduksjonsvideoar til InSchoolSjå introduksjonsvideo til foreldreSjå introduksjonsvideo til elev