InSchool

InSchool er systemet der du finn informasjonn om skolekvardagen, som for eksempel timeplan, fråvær, karakterar og meldingar mellom heim og skole. 

Tilgang for elevar

  • Du loggar inn med Feide-konto (brukarnamn og passord).
  • Før skolestart får du ein SMS om aktivering av Feide-konto

Tilgang for foreldre

Når eleven er under 18 år

Når eleven er over 18 år

  • Foreldre har ikkje lenger automatisk tilgang til InSchool, og skolen har teieplikt om eleven
  • Dersom foreldre skal ha tilgang til InSchool, må eleven gi samtykke

Slik fungerer det

  1. Eleven loggar seg inn på samtykkeskjemaet, fyller ut og sender inn.
  2. Foreldre loggar seg inn på samtykkeskjemaet, fyller ut og sender inn. (Dette skjer ikkje automatisk – du må sjølv gå inn på skjemaet.).
  3. Skolen legg opplysningane inn manuelt i InSchool.
  4. Foreldre kan logge inn på InSchool når skolen har aktivert tilgangen.

Tilgang for andre omsorgspersonar enn foreldre

Trekke tilbake tidlegare gitt samtykke

Samtykkeskjemaet skal også brukast dersom elevar, foreldre eller omsorgspersonar ønsker å trekke tilbake eit tidlegare gitt samtykke.

Introduksjonsvideoar til InSchool

Sjå introduksjonsvideo til foreldre

Sjå introduksjonsvideo til elev

Tilgjengelegheitserklæring for appen Min InSchool

Les tilgjengelegheitserklæring på bokmål

Les tilgjengelegheitserklæring på nynorsk