Tilgang for elevar
- Logg inn på InSchool med Feide-kontoen din (brukarnamn og passord).
- Før skolestart får du ein SMS om å aktivere Feide-kontoen din
Samarbeid heim-skole når eleven er under 18 år
Foreldre logger inn på InSchool med ID-porten. Du må vere registrert med foreldreansvar i Folkeregisteret (FREG) og ha elektronisk ID for å få tilgang. Viss du som føresett ikkje har foreldreansvar i FREG, må skolen manuelt registrere deg i InSchool. Dette kan gjelde for eksempel fosterforeldre.
Registrer kontaktopplysningane dine så snart som mogleg, for å sikre eit godt samarbeid mellom heim og skole. Har du elevar på fleire skolar, må du registrere kontaktopplysningane dine på kvar skole.
Samarbeid heim-skole når eleven er over 18 år
Når eleven har fylt 18 år, har skolen teieplikt, og foreldre har ikkje lenger tilgang til InSchool. Ofte er det likevel til elevens beste at skolen samarbeider med heimen eller andre omsorgspersonar. For å gjere det, må skolen få samtykke frå både frå eleven og foreldre/omsorgsperson. Bruk skjemaet under.
Samtykkeskjema
Elevar, foreldre og omsorgspersonar kan logge seg inn på dette skjemaet for å gi samtykke til tilgang til VIS. Skjemaet kan også brukast dersom eleven ønskjer å trekke tilbake samtykket.
Samtykke til samarbeid heim-skole gjennom InSchool
Introduksjonsvideoar
Sjå introduksjonsvideo til foreldre
Sjå introduksjonsvideo til elev