Internasjonalisering i vidaregåande skole

Internasjonalisering i vidaregåande skole gir elevar og tilsette moglegheit til å delta i prosjekt og aktivitetar i utlandet. Målet er å styrke kvaliteten i opplæringa, utvikle skolane og gi deltakarane verdifull læringsutbytte.

Erasmus+ er hovudordninga

Det meste av internasjonalt arbeid i vidaregåande skole er finansiert gjennom Erasmus+. Over halvparten av dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal har eigen Erasmus+ akkreditering og driv eigne prosjekt.

For skolar utan eiga akkreditering søker fylkeskommunen årleg om midlar på vegner av skolane. Slik kan alle vidaregåande skolar i fylket delta i internasjonale aktivitetar.

Strategiske satsingar

Fylkeskommunen brukar også Erasmus+ for å utvikle utdanningstilbodet. Eit eksempel er Erasmus+ LeaderSHIP, der fylkeskommunen samarbeider med europeiske partnarar om kompetanse for framtidas maritime næring.

gruppe ungdom foran en murbygning - Klikk for stort bileteElevar frå Spjelkavik vgs., Nederland og Belgia i Erasmus+ prosjekt. Bildet er tatt i byen Ieper, Belgia våren 2022. Spjelkavik vgs



Vg2 i Skottland

Alle elevar som går studiespesialiserande kan ta heile Vg2 i Skottland. Du får internasjonal erfaring og kjem tilbake for å fullføre Vg3 i Noreg.

Haram vidaregåande skole administrerer ordninga for heile fylket.

Les og søk om Vg2 i Skottland (haram.vgs.no) 

Nordplus

Nordplus støttar tiltak som utviklar og styrker utdanningssamarbeidet i Norden og Baltikum. Gjennom ordninga kan vidaregåande skolar søkj støtte til førebuande besøk, samarbeidsprosjekt og elev- og lærarmobilitet.

Vidaregåande skolar kan søkje midlar gjennom Nordplus Junior. Les meir og søk midlar (nordplusonline.org)

Kompetanseheving for tilsette

Tilsette på skole kan reise på kompetansehevande tiltak som jobbskygging, hospitering, førebuande besøk eller faglege kurs til andre land i Europa. Dette blir organisert av skolen. 

Tilsette på opplæringskontor, faglege leiarar og instruktørar i lærebedrifter kan delta i kompetanseheving gjennom Læretid i Europa