Fram til 6. april køyrer vi ein stor kampanje for å skaffe dyktige lærarar til dei 20 vidaregåande skolane våre i fylket.
Vi søker deg som kan motivere og undervise ungdommar, i alt frå fotosyntese, grammatikk til sveising. Vi treng lærarar i både fellesfag og programfag, på alle trinn. Du trivst med å undervise, planlegge og tenke nytt. Du likar å leie elevane i klasserommet eller i verkstaden, og alt som skjer der, og du står støtt i deg sjølv og er ein trygg vaksen.
Du vil møte utfordringar, men mister ikkje trua når eleven helst vil gi opp. Kanskje det nettopp er du som får elevane til å sjå lyset, eller i det minste bestå faget? Og du synest det er givande å jobbe med ungdomar som skal finne sin veg og seg sjølv, og delta i samfunnet.
På skolane får du faglege fellesskap med mange gode kollegaer, der du blir ein viktig del og kan bidra. Og du får jobbe med, og utvikle deg i faga du er glad i, med ein stor og solid organisasjon i ryggen.
Er du ein av dei vi ser etter?
Gå inn på oversikta vår for å lese meir om den enkelte stillinga.
Ledige stillingar vil bli lagt inn jamleg.
Her kan du lese meir om skolane våre.
Søk innan 6. april
Sjå kva lærarane Hilde, Trond, Kjell og Marius meiner er givande med å vere lærar.
Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar.