Karriererettleiing i skolen

Som ein del av faget utdanningsval på ungdomstrinnet, skal elevane gjennom aktivitetar som skjer i samarbeid mellom grunnskolen og den vidaregåande skolen. 

Karrieredagane

Alle elevar på 10. trinn får moglegheit til å bli kjend med vidaregåande skole og møte lokalt næringsliv i løpet av karrieredagane. 

Arbeidshefte til karrieredagane (DOTX, 2 MB)

Hospitering

Alle elevar på 10. trinn får tilbod om å prøve ut korleis det er å vere elev i vidaregåande skole. (Meir info kjem)

Portrett av mann i dresssjakke - Klikk for stort bileteErik Brekken Magnar Fjørtoft

Kjære elev på 10. trinn!

Snart skal du søke vidaregåande opplæring. Syns du der er vanskeleg å vite kva du skal søke på? Eller har du allereie bestemt deg?

Karrieredagane og hospiteringa i vidaregåande skole er to viktige aktivitetar dette året. Bruk tida godt, still mange spørsmål og snakk med andre elevar, familie og venner om yrke og utdanning. Det vil gjere det lettare for deg å velje. Lykke til, og velkommen til vidaregåande!

Helsing Erik Brekken, kompetanse- og næringsdirektør