Klage på standpunktkarakter

Du kan klage på standpunktkarakterar dersom du meiner at dei som har sett karakterane ikkje har fulgt reglane. Du kan også klage dersom du ikkje har fått standpunktkarakter. 

Er du under 18 år kan dine føresette klage på vegner av deg.

Klagefrist

Fristen for å klage er 10 dagar etter at du har fått karakteren. I nokre tilfelle kan klagen bli behandla etter fristen. Du kan også kreve å få ei grunngiving for karakteren, innan 10 dagar. Når du har mottatt grunngivinga, vil du få ny tidsfrist for klage.

Korleis kan du klage

Du må sende ein skriftleg klage, der du eller dine føresette skriv under. Bruk dokument på denne sida, og send klagen til skolen. Den som klagar skal ha kopi av dokumenta i klagesaken. 

Gå til skjema for klage på standpunktkarakter (PDF, 115 kB)

Kva blir vurdert

Den som behandlar klagen kan bare vurdere om den som har satt karakterane har fulgt reglane. 

Kva kan resultatet av klagen bli?

Å klage kan gi eitt av følgande resultat:

  • Du kan få medhald, dersom det har blitt gjort ein feil i saksbehandlinga.
  • Du får ikkje medhald, fordi den som har behandla klagen meiner at reglane er fulgt. 
  • Den som behandlar klagen kan avvise klagen dersom han eller ho meiner at det ikkje er grunnlag for å klage.
  • Skolen kan også avvise klagen. Då kan eleven sende klage på dette vedtaket. Klagefristen er tre veker.

Kva skjer når du får medhald i klagen?

Når du får medhald, blir vedtaket om standpunktkarakter oppheva, og saka blir sendt tilbake til skolen. Då kan skolen bestemme at karakteren blir ståande, at karakteren går opp eller at karakteren går ned. Skolen må grunngi kvifor dei har sett denne karakteren. Den er endeleg, og eleven kan ikkje klage på den.

Den endelege standpunktkarakteren blir ført på vitnemålet eller kompetansebeviset til eleven.

Klage på ordens- eller åtferdskarakter

Dersom eleven sender klage på orden- og åtferdskarakter, er det den som behandlar klagen som set endeleg karakter.

Kva lovar gjeld for klage?

Det er forskrift til opplæringslova, §5-12, som gjeld for klage på standpunktkarakterar. §5-13 gjeld klage på orden og åtferd.

Les om behandling av klager på standpunktkarakter (udir.no).

Her kan du få meir informasjon om standpunktkarakterar (udir.no).