Minoritetsspråkleg søkar

Denne sida er for minoritetsspråklege søkarar mellom 16 og 24 år med anna morsmål enn norsk eller samisk. Dersom du ikkje har varig opphald i Noreg eller norsk statsborgarskap, må det vurderast om du har rett til vidaregåande opplæring.

Innhald på sida

Kven har rett til vidaregåande opplæring?

For å ha rett til vidaregåande opplæring må du ha lovleg opphald i Noreg. I tillegg må du oppfylle minst eitt av desse krava: 

  • ha vitnemål frå norsk grunnskole
  • ha dokumentasjon på minst 9 år fullført allmenn grunnopplæring i utlandet, omsett til norsk eller engelsk av godkjend omsettar.  
  • ha realkompetanse som tilsvarar fullført norsk grunnskoleopplæring for vaksne
  • Dersom du ventar på vedtak i sak om opphald i Noreg, gjeld dette: 

    • Er du under 18 år, og det er sannsynleg at du skal vere i Noreg i meir enn tre månader, har du rett til vidaregåande opplæring.
    • Retten gjeld fram til utgangen av det året du fyller 18 år.
    • Ved avslag på søknaden om opphald gjeld retten fram til datoen avslaget trer i kraft.

Slik søker du vidaregåande opplæring

Søknadsfristar

  • 1. februar, for deg som
    • har vedtak om særskild språkopplæring
    • nyleg er komen til Noreg
    • søker om individuell behandling
  • 1. mars, for alle andre søkarar

Skoleåret startar i august same år.

Du kan ha rett til særskilt språkopplæring

Dersom du ikkje kan norsk godt nok til å følge vanleg undervisning, kan du ha rett til særskild språkopplæring. 

Særskild språkopplæring kan innehalde:

  • forsterka opplæring i norsk
  • morsmålsopplæring
  • tospråkleg opplæring i fag (ved behov)

Den vidaregåande skolen du kjem inn på, vurderer retten til særskild språkopplæring ved starten av skoleåret. 

Du kan også ha rett til individuelt tilrettelagd opplæring etter sakkunnig vurdering. Denne vurderinga skjer også i starten av skoleåret. 

Andre tilbod

Meir grunnskoleopplæring

Tilbodet gjeld deg som treng å styrke grunnskolefaga for å kunne fullføre vidaregåande opplæring. Tilbodet er ikkje eit nybegynnarkurs i norsk. Du må kunne norsk godt nok til å følge undervisninga.

Kontakt

inntak@mrfylke.no

Telefon: 71 28 01 50 - telefontid er tirsdag - torsdag kl. 12 - 14.30