Behov for å bruke lengre tid på opplæringa


Tidlegare vg over 2 år og delvis permisjon: 
Tilpassa løp

Fylkeskommunen kan tilby enkeltelevar tilpassa løp i vidaregåande opplæring. Det er ikkje ein rett eleven har, men noko fylkeskommunen kan gjere for å tilpasse løpet for kvar elev. Det er ei individuell vurdering av eleven sine behov, og gjeld ikkje heile klassar eller grupper. 

Å starte eit tilpassa løp krev samtykke frå eleven, og skolen skal fatte enkeltvedtak som viser til avviket frå fag- og timefordelinga. Ein må følgje læreplanen for det enkelte faget, og kan ikkje utelate heile, eller delar av fag. Eit fag kan undervisast over ein lengre eller kortare periode enn eitt år. 

Eleven kan kun takast inn ein gong til trinnet sjølv om det planleggast at ein skal ta det over lengre tid. 
Derfor skal ikkje eleven søke samme trinnet fleire gonger i Vigo. Fylkeskommunen sikrar i staden eleven inn i tråd med vedtaket om tilpassa løp. 

Det ligg mal som skolane skal bruke ved enkeltvedtak om tilpassa løp i Websak under standardmaler. Malen heiter: Vedtak om tilpassa løp. 
 

Tidlegare fulltids permisjon:
Reservasjon av skoleplass

Elevar som må avbryte opplæringa pga. sjukdom eller andre tungtvegande grunnar, kan søke Fylkeskommunen om reservasjon av skoleplass. Det må ligge ved dokumentasjon på årsaka til avbrotet. Skolen skal sende inn avbrotsskjema for eleven, og KON-inntak fattar enkeltvedtak. 

Eleven må ha ungdomsrett for å få reservert skoleplassen til året etter ved same skole og same tilbod. Eleven må søke i Vigo på samme utdanningsprogram/ programområde påfølgande skoleår, viss ikkje så faller vedtaket bort. Inntak reserverer skoleplass. 

Søknad om reservert skoleplass