§ 1 Fråværet skal førast av faglærar fortløpande. Elevar som kjem for seint har rett til å ta del i opplæringa, det skal ikkje registrerast fråvær for undervisningstimen. Fråvær i heile undervisningstimar skal førast. Oppmøte etter at undervisningstimen har starta blir som hovudregel registrert som merknad om forseintkoming. Fleire merknader kan føre til nedsett ordenskarakter.
Ved særlege tilfelle som t.d. aktivitetar som ekskursjonar eller skidagar, vil det vere mogleg å føre fråvær i minutt og då skal ein gjere det.
§ 2 Eleven har sjølv ansvar for å dokumentere, eller på annan måte gjere greie for, fråværet i forhold til kontaktlærar. Dokumentasjon skal leggast fram så snart som mogleg.
Er eleven fråverande heile dagen, skal timefråværet gjerast om til heildagsfråvær.
Kontaktlærar har ansvar for at dokumentasjon blir oppbevart så lenge det er nødvendig for føremålet. Oppbevaringa skal vere i samsvar med skolen sine rutinar.
§ 3 Eleven må følgje med på eige fråvær, og melde frå om eventuell feilføring til faglærar innan 2 veker etter fråværsdato. Eleven må også melde frå om timefråvær som skal gjerast om til heildagsfråvær, innan 2 veker. Etter 2 veker vil det ikkje bli gjort endringar.
§ 4 Sluttar eleven i eit fag, skal fråvær førast fram til registrert sluttdato. Bytter eleven fag, skal fråvær i tidlegare fag ikkje følgje med. Det same gjeld elev som skiftar skole.
§ 5 Blir det gitt opplæring i fleire fag samtidig, skal elevane vere kjent med kva fag det blir gitt opplæring i. Eksempel kan vere ekskursjonar, tverrfaglege undervisningsopplegg, fagdagar og liknande. Fråvær vil bli knytt til faga aktivitetane er lagt til.
Skolen kan organisere klassens time slik at ein brukar tid frå ulike fag, og da skal det bli ført fråvær.