§ 1 Elevfråvær skal førast fortløpande av faglærar. Det skal førast fråvær for heile undervisningstimar.
Elevar som kjem for seint har rett til å delta i opplæringa. Oppmøte etter at undervisningstimen har starta blir som hovudregel registrert som merknad om forseintkomming. Det skal ikkje registrerast fråvær for undervisningstimen når eleven får merknad om forseintkomming. Fleire merknader kan føre til nedsett ordenskarakter.
Ved særlege tilfelle, for eksempel aktivitetar som ekskursjonar og skidagar, vil det vere mogleg å føre fråvær i minutt.
§ 2 Eleven har sjølv ansvar for å dokumentere, eller på annan måte gjere greie for fråværet til sin kontaktlærar. Dokumentasjon skal leggast fram så snart som mogleg.
Er eleven borte heile dagen, skal timefråværet gjerast om til heildagsfråvær.
Kontaktlærar har ansvar for at dokumentasjon blir oppbevart så lenge det er nødvendig. Oppbevaringa skal vere i samsvar med skolen sine rutinar.
§ 3 Eleven må følge med på eige fråvær, og melde frå om eventuell feilføring til faglærar/kontaktlærar. Eleven må også melde frå til kontaktlærar om timefråvær som skal gjerast om til heildagsfråvær. Hovudregel er at melding om feilføring og omgjering av fråvær skal bli gitt innan 2 veker etter fråværsdato.
§ 4 Sluttar eleven i eit fag, skal fråvær førast fram til registrert sluttdato. Bytter eleven fag, skal fråvær i tidlegare fag ikkje følgje med. Det same gjeld elev som skiftar skole.
§ 5 Blir det gitt opplæring i fleire fag samtidig, skal elevane vere kjent med kva fag det blir gitt opplæring i. Eksempel kan vere ekskursjonar, tverrfaglege undervisningsopplegg, fagdagar og liknande. Fråvær vil bli knytt til faga aktivitetane er lagt til.