Retten til særskilt språkopplæring

Her finn du informasjon om rett til særskilt språkopplæring, og rett til å velje hovudmål i skriftleg arbeid.

Rett til særskilt språkopplæring

Elevar med anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild språkopplæring til dei kan norsk godt nok til å følgje den vanlege opplæringa. Særskild språkopplæring skal omfatte forsterka opplæring i norsk og, om det trengst, morsmålsopplæring, tospråkleg opplæring i fag eller begge delar.

Enkeltvedtak særskilt norskopplæring nynorsk - 2024 (DOCX, 48 kB)
Enkeltvedtak ikkje behov § 6-5 nynorsk - 2024 (DOCX, 38 kB)
Forhåndsvarsling til elev og foresatte, bokmål (DOC, 47 kB)

Nynorsk eller bokmål i vidaregåande opplæring

Opplæringslova slår fast at elevar skal ha opplæring i både nynorsk og bokmål. Elevane vel sjølve om dei skal bruke nynorsk eller bokmål som hovudmål i det skriftelge arbeidet, og om læremidla skal vere på nynorsk eller bokmål

Språkplan 

Det er utarbeidd ein språkplan for vidaregåande skole. Målet med planen er å sikre språkrettane til elevane, og å styrke vilkåra til nynorskelevane spesielt. Innhaldet er utarbeidd i samarbeid med Nynorsksenteret og Høgskulen i Volda.