Språkretten i vidaregåande skole

3 Haldningssporet

Haldningssporet handlar om å betre haldningane til sidemål, og foreslår ei rekke aktivitetar og rutinar som kan betre haldninga til sidemål på sikt.

Eksempel frå Molde vidaregåande skole

Molde vgs har Ved Molde videregående skole har dei teke nokre strukturelle grep for å gjere det enklare og kjekkare for elevar med nynorsk som hovudmål å halde på språket sitt. Desse grepa er verken dyre eller omfattande, men vitnar om ei leiing som er medviten ansvaret dei har for å gi elevane deira gode vilkår til å halde fram som nynorskbrukarar. 

Gjer som Molde vgs:

  • Sørg for at ingen nynorskelevar står heilt aleine i ein klasse

Når inntakslistene er klare, plasserer dei alle nynorskelevane i to klassar. Med 5–6 nynorskelevar i klassen, er det også lettare å be om materiell og oppgåver på nynorsk.

  • Gi nynorskelevane ei eiga velkomsthelsing i Teams til skulestart
  • Meld frå til skolebibliotekaren om kor mange nynorskelevar der er på kvart trinn

Slik blir det kjøpt inn nok nynorske bøker.

  • Informer lærarane om hovudmålet til elevane deira

I tillegg prøver dei å kople lærarar som meistrar nynorsk godt, til klassar med nynorskelevar. Då får elevane møte både nynorsk og bokmål i undervisninga og på prøver.

  • Bruk både nynorsk og bokmål i skolen sine sosiale medium

Både Instagram, Facebook og Teams har meldingar både på nynorsk og bokmål.

  • Inviter nynorskelevane til pizza og prat 3–4 gonger i året

Dette kan skape ei positiv vinkling rundt å vere nynorskbrukar og i tillegg vere eit samlingspunkt for nynorskelevane. Her får ein også ein dialog med elevane om kva dei treng av språkleg tilrettelegging.