Utlånsreglement skolebibliotek

 § 1 Som brukar av skulebiblioteket skal eleven følgje utlånsreglane. Alt materiell som vert lånt ut av skulebiblioteket, også lærebøkene, er skulen sin eigedom.

§ 2 Det ein låner skal innleverast til avtalt tid og i god stand. Det betyr at: - ein ikkje skal skrive, streke under eller bruke markørtusj i bøkene - bøkene ikkje skal mangle sider, ha vasskade, vere tilgrisa eller på annan måte ha meir enn normal slitasje.

§ 3 Låntakaren er sjølv ansvarleg for alt materiell som vert lånt på lånekortet. Dersom materiell går tapt eller vert øydelagt, er låntakaren erstatningspliktig.

§ 4 Etter 3 purringar frå skulebiblioteket, utan reaksjon frå låntakaren, vert det sendt rekning ut frå gjeldande erstatningssatsar. Dersom materiellet framleis ikkje vert innlevert, eller rekninga ikkje betalt, vil ein sende inkassokrav.