Fråværsreglement

Fråværsreglement for vidaregåande skole i Møre og Romsdal, sist oppdatert 15.08.2025. 

Fråværsreglementet er oppdatert grunna endringar i fråværsreglane i opplæringsforskrifta §§ 9-8 og 9-53 og rundskriv om fråværsgrensa (udir.no), som gjeld frå 01.08.2025.

Dei viktigaste endringane:

  • Elevar kan levere eigenmelding for fråvær av helsegrunnar opp til fråværsgrensa på ti prosent. Når elevane har nådd grensa på ti prosent fråvær i eit fag (ved helserelatert og udokumentert fråvær samanlagt), må dei dokumentere ytterlegare helserelatert fråvær med dokumentasjon frå helsepersonell.
  • Fråvær på grunn av teoretisk og praktisk førarprøve kan bli unntatt fråværsgrensa dersom fråværet blir dokumentert.
  • Fråvær blir rekna opp mot det totale timeantalet i faget per skoleår, ikkje per halvår. Overskriden fråværsgrense får derfor berre konsekvensar for standpunktkarakter og for karakter ved slutten av skoleåret i fag som går over fleire skoleår. 

Fråværsreglement

Fråværsreglementet er ein del av skolereglane og gjeld for elevar på dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Grunnlaget for fråværsreglementet er: