Språkretten i vidaregåandeHer finn du informasjon om rett til særskilt språkopplæring, og rett til å velje skriftspråk.Rett til særskilt språkopplæringElevar med anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild språkopplæring til dei kan norsk godt nok til å følgje den vanlege opplæringa. Særskild språkopplæring skal omfatte forsterka opplæring i norsk og, om det trengst, morsmålsopplæring, tospråkleg opplæring i fag eller begge delar.Enkeltvedtak særskilt norskopplæring nynorsk - 2024 (DOCX, 48 kB)Enkeltvedtak ikkje behov § 6-5 nynorsk - 2024 (DOCX, 38 kB)Forhåndsvarsling til elev og foresatte, bokmål (DOC, 47 kB)Nynorsk eller bokmål i vidaregåande opplæringOpplæringslova kap. 15 slår fast at elevar skal ha opplæring i både nynorsk og bokmål. Elevane vel sjølve om dei skal bruke nynorsk eller bokmål som skriftspråk, og om læremidla skal vere på nynorsk eller bokmålSpråkplanDet er utarbeidd ein språkplan for vidaregåande skole. Målet med planen er å sikre språkrettane til elevane, og å styrke vilkåra til nynorskelevane spesielt. Innhaldet er utarbeidd i samarbeid med Nynorsksenteret og Høgskulen i Volda. KompetansesporetKompetansesporet er ei samling med ressursar til kompetanseheving. Kompetansehevinga rettar seg i hovudsak mot lærarar, også lærarar med andre fag enn norsk, og skoleleiarar, men ein del kan også bli delte vidare til foreldre og elevar. Sju sidemålsprinsipp (Nynorsksenteret)Gode tips til bruk av nettordboka (Nynorsksenteret)Utforsking av gramatikk (Nynorsksenteret)Eksamen på nynorsk (Nynorsksenteret)Om å skrive nynorsk (Nynorsksenteret)Språkløyper (Universitetet i Stavanger)Bli betre på nynorsk og nynorsk grammatikkSterke og svake verb - kva er det? (Nynorsksenteret)Bokmålsordboka og Nynorskordboka (ordbokene.no)Nynorsk i teikneserieform (Nynorsksenteret)Nynorsk øvingsrom (språkrådet)BrukssporetBrukssporet gir forslag til korleis skolar kan arbeide for å auke bruken av mindretalsspråket, også utover norskfaget og sidemålsundervisinga.Rettleiing: Nynorsk i digitale ressursar (Nynorsksenteret)Om å bruke nynorsk i andre fag enn norsk (Nynorsksenteret)Få gode tips til bøker på nynorsk (nynorskbok.no)HaldningssporetHaldningssporet handlar om å gi gode vilkår for nynorskelevane og ei god og motiverande nynorskopplæring for alle elevar. Ressursar frå NynorsksenteretKonferanse: Nynorsk på nye måtarÅ arbeide temabasert i norskfaget – om å vere annleisÅ arbeide med ein samfunnsaktuell, lyrisk tekst i klasserommetÅ arbeide med dagsaktuell retorikkMolde vgs legg til rette for nynorskelevarVed Molde vgs har dei teke nokre strukturelle grep for å gjere det enklare og kjekkare for elevar med nynorsk som hovudmål å halde på språket sitt. Desse grepa er verken dyre eller omfattande. Sørg for at ingen nynorskelevar står heilt aleine i ein klasseGi nynorskelevane ei eiga velkomsthelsing i Teams til skulestartMeld frå til skolebibliotekaren om kor mange nynorskelevar der er på kvart trinnInformer lærarane om hovudmålet til elevane deiraBruk både nynorsk og bokmål i skolen sine sosiale mediumInviter nynorskelevane til pizza og prat 3–4 gonger i året Korleis ta vare på nynorskelevane?-lytt til podcasten frå Molde vgs, laga av Nynorsksenteret) Referansar og kunnskapsgrunnlagRett til læremiddel på eige skriftspråk (udir.no)Ta vare på nynorskelevane (Nynorsksenteret)Kvifor ikkje nynorsk (Wold, 2018)Rapport om språkbyte frå nynorsk til bokmål (Språkrådet) Nynorskelev? Her finn du info om Office-pakka på nynorsk og oppskrifter på korleis du kan endre frå bokmål til nynorsk i læremiddel og system.