Kva kan du bruke skolebiblioteket til?
I skolebiblioteket kan du:
- låne bøker og andre medium
- finne informasjon og kjelder til skolearbeid
- få hjelp til søk, kjeldebruk og kjeldekritikk
- arbeide individuelt eller i gruppe
- finne lesetips og litteratur
- delta på arrangement og aktivitetar
Biblioteket er også ein ressurs for lærarar i arbeidet med lesing, informasjonskompetanse og bruk av læringsressursar.
Opningstider og lån
Elevar i vidaregåande skal ha tilgang til skolebibliotek eller anna bibliotek som er særskilt tilrettelagt for skolen. Opningstidene varierer frå skole til skole, og ikkje alle skolar har eige biblioteklokale. Utlånsreglementet er felles for alle dei vidaregåande skolane i fylket.
Handlingsplan for skolebiblioteka
Møre og Romsdal fylkeskommune har vedteke ein handlingsplan for utvikling av skolebiblioteka ved dei vidaregåande skolane.
Planen skal bidra til at skolebiblioteka støttar opp under kvalitet i opplæringa og gir elevane gode moglegheiter for læring, lesing og meistring.
Her finn du handlingsplanen