Elevmedverknad

Elevar skal bli høyrt både i saker som handlar om dei sjølve, om korleis skolen planlegg undervisninga og om korleis den fungerer. 

Rektor skal høyre på det elevane meiner,  og det elevane meiner skal få betydning. 

Dette kan du som elev gjere for å bli høyrt:

  • Ver med og vel arbeidsmåtar i fag
  • Ver med og vel reglar og aktivitetar i klassen
  • Ver med og vel innahld i klassens time
  • Ha ein tillitselev i klassen
  • Melde saker til elevrådet
  • Vel elevrepresentantar til skoleutval og skolemiljøutval

Dette du som elev gjere for å lære meir:

  • Vit kva du skal lære og kva som blir forventa av deg
  • Vit kva det blir lagt vekt på når arbeidet ditt blir vurdert
  • Få tilbakemelding om kva som er bra med arbeidet ditt
  • Vit kva du meistrar så langt i faget
  • Vit kva du skal arbeide med framover
  • Vit kva som skal til for å bli betre i faget
  • Ver aktiv i vurderinga av skolearbeidet ditt
  • Diskuter eige arbeid med læraren og andre elevar
  • Vis at du kan bruke kunnskap og ferdigheiter på ulike måtar