Kva er eit avvik?
Avvik er brot på lover, reglar eller rutinar, og andre hendingar som ikkje blir rekna som ønskjeleg i skolekvardagen. Formålet med å melde avvik, er å lære av feil, unngå at det skjer på nytt og slik førebygge skadar og ulykker.
Avvik kan vere knytt til fysisk miljø som luftkvalitet, temperatur, lys, stråling, lyd, manglande vernetiltak eller verneutstyr, og arbeidsbelastning. Du skal alltid melde i frå om skadar, ulykker og nestenulykker.