Alle elevar har rett på eit trygt og godt skolemiljø, fritt for krenking, mobbing, vald, diskriminering, trakassering eller utestenging. Det er berre du som veit om du opplever skolen som trygg. Viss du føler deg utrygg eller ikkje trivst på skolen, har skolen plikt til å hjelpe.
På www.nullmobbing.no finn du meir informasjon om rettigheitene til elevar og foreldre, og kva du kan gjere dersom du ikkje har det bra på skolen.
Dersom du synest det er vanskeleg å varsle, kan du kontakte elev- og lærlingombodet i Møre og Romsdal.