Rusførebygging i skolen (Rusplan)

1 Om rusplan for vidaregåande opplæring

Hovudmål

Med rusplanen ønsker vi å å skape eit godt, inkluderande og trygt læringsmiljø der alle elevar og lærlingar blir sett og tatt vare på.

  • Vi skal bry oss om kvarandre, og snakke saman, slik at ingen går åleine med bekymringane sine.
  • Rutinar ved bekymring skal vere kjende og tilgjengelege slik at det er enkelt å be om hjelp.
  • Lærestaden skal vere fri for rusmiddel.
  • Haldningar mot bruk og omsetjing av rusmiddel skal vere tydelege for lærestaden sine tilsette, elevar, lærlingar og føresette.

 

Rusarbeidet omfattar både alkohol, dopingmiddel, narkotika og ugunstig bruk av legemiddel.