Overgangstilbod 2025-2026 - meir grunnskoleopplæring
Tilbodet gjeld minoritetsspråklege som har behov for meir grunnskoleopplæring/forbetre vitnemålet for å kunne fullføre vidaregåande opplæring. Søkar må:
- vere mellom 16-24 år
- ha eit anna morsmål enn norsk eller samisk
- ha lovleg opphald i Noreg og vere busett før 01.01.2024
- ha rett til vidaregåande opplæring (fullført grunnskole)
Dette tilbodet er ikkje eit begynnarkurs i norsk, og søkar må derfor beherske norsk i så stor grad at han kan følge undervisninga. Søkar kan likevel ha rett til særskilt språkopplæring.
Overgangstilbodet finst ved desse skolane:
- Ulstein vgs
- Kristiansund vgs
- Hustadvika vgs
Søknad
Følgande dokumentasjon må følge søknaden:
- Vitnemål frå fullført grunnskole i Noreg eller vitnemål på fullført grunnskole i utlandet i minst 9 år, oversatt til norsk eller engelsk av godkjent oversetter.
- Kvittering på søkt fornya opphald eller stadfesting på at søkar er omfatta av kollektiv beskyttelse (Ukraina).
- Enkeltvedtak om rett til særskilt språkopplæring frå grunnskole eller vidaregåande skole, med kartleggingsresultat.
Det er hjelpeinstans som skal fylle ut og sende inn søknaden.
Gå til søknadsskjema