Minoritetsspråkleg søkar

Informasjon til ungdom mellom 16 og 24 år som har eit anna morsmål enn norsk eller samisk.

Rett til vidaregåande opplæring

Du har rett til vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal dersom du har

  • lovleg opphald i Noreg, med folkeregistrert adresse i Møre og Romsdal
  • fullført grunnskole i Noreg eller dokumentasjon på grunnskole i utlandet i minst 9 år, oversett til norsk eller engelsk av godkjent translatør

Dersom du ventar på svar på søknad om opphaldsløyve, har du rett til vidaregåande opplæring ut det året du fyller 18 år. Dersom du får avslag på søknaden, har du rett til vidaregåande opplæring fram til datoen avslaget trer i kraft.

Søknad til vidaregaånde opplæring

  • Søknadsfristen til vidaregåande opplæring er 1. mars. 
  • Søknadsfristen er 1. februar dersom
    • du har vedtak om særskild språkopplæring
    • du nyleg har kome til Noreg,
    • eller søker om invividuell behandling
  • For å søke inntak til vidaregåande opplæring må du ha BankID eller MinID for å logge inn i søknadsportalen på vigo.no. 
  • Dersom du ikkje har BankID eller MinID, kan hjelpeinstans kontakte Møre og Romsdal fylkeskommune v/inntaksseksjonen for å få tilsendt brukarnamn og passord.

Grunnleggande norskopplæring (GNO)

Dersom du er mellom 16 og 18 år, og treng meir opplæring i norsk før du søker vidaregåande opplæring, kan du søke grunnleggande norskopplæring.  For å ha rett til eit tilbod i grunnleggande norskopplæring gjeld dei same krava som når du søker vidaregåande opplæring.

Jobbsjansen del B - Overgangstilbod

Dersom du er mellom 16 og 24 år og treng meir opplæring i grunnskolefag og norsk før du søker vidaregåande opplæring, kan du søke Jobbsjansen del B. For å ha rett til eit tilbod i Jobbsjansen del B gjeld dei same krava som når du søker vidaregåande opplæring.

Informasjonshefte

Last ned heftet Informasjon om tilbod i vidaregåande opplæring for minoritetsspråklege søkarar (pdf (PDF, 292 kB))

 

Har du spørsmål?