Du kan ikkje endre søknaden etter fristen 1. mars med mindre du har svært gode medisinske, sosiale eller pedagogiske grunnar til det. Desse må dokumenterast. Send søknad og dokumentasjon til Møre og Romsdal fylkeskommune, Kompetanse- og næringsavdelinga, Postboks 2500, 6404 Molde. Du kan sende inn via eDialog.
Søkarar som har søkt om fortrinn eller individuell vurdering i inntak til vidaregåande kan ikkje endre søknaden sin etter fristen. Årsaka er at inntaket for desse søkarane er ferdig allereie i mars/ april. Om du har spørsmål kan du ta kontakt med oss på e-post inntak@mrfylke.no eller på telefon 712 80 150.
Registrer førehandssvar når du søker i Vigo, så kan du sjå kvar du har fått tilbod om av skoleplass/ ventelisteplass når du er tilbake frå ferien.
Hugs at dersom du legg inn førehandssvar, så svarer du ja både til skoleplass og til å stå på venteliste til alle høgare ønske dersom du har fått tilbod om eit lågare ønske. Vil du behalde lågare ønske om du får tilbod om det, må du takke nei til venteliste.
Når du har lagt inn førehandssvar kan du likevel endre svaret ditt fram til svarfristen. Om du ikkje har registrert førehandssvar og du er på ferie, må du logge inn på Vigo og svare innan svarfristen.
Alle søkarar med ungdomsrett skal få tilbod om skoleplass før skolestart.
Når andre gongs inntak blir gjort, vil plassane som nokon har takka nei til bli frigjort og tildelt dei som står på ventelistene. Du er ikkje garantert plass ved nokon av skolane du har sett opp på søknaden din, men du har rett til skoleplass på eitt av tre alternative utdanningsprogram på Vg1, eller noko som du er kvalifisert til på Vg2 eller Vg3.
Det kan hende at dette blir på ein annan skole enn dei du har søkt til.
Sjølv om det har kome inn nei-svar, så betyr ikkje det nødvendigvis at du får tilbod om plassen. Det kan vere feil som er gjort, eller nokon har fått medhald i klage på karakter, f.eks., og desse går framfor deg på ventelista dersom dei har høgare poengsum enn deg. Du må vente til andre inntak er ferdig før vi kan seie noko sikkert.
Ja, det kan vere nokon som takkar nei, og ledige plassar blir frigjort. Du vil få beskjed enten frå fylkeskommunen eller frå skolen dersom det blir ledige plassar der du står på venteliste. Vi sender alle ventelister ut til skolane rett før skolestart, og overlet resten av inntaket til skolane. Skolane vil ta kontakt med dei som står på venteliste dersom det blir ledige plassar etter skolestart.
Det kan skje feil i saksbehandling. Det kan også vere at søkarar som har klaga på karakterar får medhald, og difor får auka sin poengsum til andre gongs inntak. Kjem poengsummen over den du har, vil dei gå framføre deg på ventelista til andre gongs inntak. Det kan også vere anna klagebehandling som gjer at inntaket endrast.
Du må ta direkte kontakt med skolen og spørre kva du kan gjere. Dersom du ikkje melder frå til skolen, så mister du plassen du har fått tildelt.
Dersom skolen har ledig plass og ikkje har nokon igjen på ventelistene, er det opp til skolen å avgjere om dei kan ta inn ein elev som ønsker å bytte skoleplass etter skolestart. Skolen må vurdere om eleven er kvalifisert til å starte på det dei ønsker før dei eventuelt tek inn ein ny elev.