Rådgivar ved skolen der eleven går no, hjelper til med å fylle ut skjema og legge ved dokumentasjon som gjeld tilretteleggingsbehovet.
Den vidaregåande skolen får informasjonen når eleven har fått skoletilbod. I skjemaet kan eleven be om samtale med skolen før skolestart.
Tilretteleggingsbehov kan f.eks. vere:
- Behov for individuelt tilrettelagt opplæring (tidlegare spesialundervisning)
- Behov for særskilt språkopplæring
- Behov for tekniske hjelpemiddel
- Behov for personleg assistanse
- Medisinske vanskar som skolen bør vite om
Ein kan velge å bruke webskjema som ein kan sende digitalt direkte, eller ein kan velge å bruke word-skjema (DOCX, 55 kB) som ein må sende inn som fil via eDialog eller anna digital sending. Skal eleven sende inn sjølv er webskjema enklast.
INFOHEFTE - Informasjon om innsøking med særskilte rettar og melding om tilretteleggingsbehov (PDF, 2 MB)