Før ein drar
Det er skolen ein går på i Noreg som bestemmer om utvekslingsåret blir godkjent eller ikkje. Ta derfor tidleg kontakt med rådgivar på skolen. Ein treng ei førehandsgodkjenning frå skolen før ein drar. I tillegg er det viktig å sikre seg skoleplass når ein kjem tilbake til neste skoleår i Noreg. Dette gjer ein ved å fylle ut skjema om reservert skoleplass NB: Ein må likevel søke om skoleplass innan 1. mars i Vigo.
Lånekassen
Ein kan søke om stipend og lån frå Statens lånekasse for utdanning. Send med utfylt skjema for godkjenning av skoleåret i utlandet og stadfesting på kva for organisasjon ein er tilknytta. Meir informasjon finn ein på lånekassen si heimeside
Når ein er i utlandet
Hugs å søke om skoleplass for neste skoleår på Vigo innan 1. mars. Ein treng minID.
Hugs å velje programfag for neste skoleår. Skolen i Noreg gir informasjon og må kunne kontakte eleven via epost om dette.
Hugs å få med nødvendig dokumentasjon som karakterutskrift og tal på timar per veke i dei ulike faga frå skoleåret i utlandet, i tillegg til dokumentasjon på at ein har fullført og bestått skoleåret.