PPT i skolen

Alle elevar, lærlingar og lærekandidatar i vidaregåande opplæring har rett på pedagogisk-psykologisk (PPT) rådgiving. 

Kva kan PPT vgo hjelpe med?

  • Gi råd og rettleiing om opplæringssituasjonen, for eksempel fagvanskar eller personlege eller sosiale utfordringar
  • Gjennomføre utgreiingar og gi rettleiing i forbindelse med spesialundervisning

Kven kan be om hjelp frå PPT vgo?

  • Elevar, lærlingar og lærekandidatar kan be PPT vgo om hjelp til å få vurdert og dokumentert fagvanskar, lærevanskar, retten sin til spesialundervisning eller dersom dei opplever dårleg læringsmiljø.  Det kan vere lurt å snakke med kontaktlærar eller rådgivar først.
  • Skolane kan be PPT vgo om hjelp til kompetanse- og organisasjonsutvikling. 

PPT vgo-kontora i Møre og Romsdal