Alle elevar, lærlingar og lærekandidatar i vidaregåande opplæring har rett på pedagogisk-psykologisk (PPT) rådgiving.
Kva kan PPT vgo hjelpe med?
- Gi råd og rettleiing om opplæringssituasjonen, for eksempel fagvanskar eller personlege eller sosiale utfordringar
- Gjennomføre utgreiingar og gi rettleiing i forbindelse med spesialundervisning
Kven kan be om hjelp frå PPT vgo?
- Elevar, lærlingar og lærekandidatar kan be PPT vgo om hjelp til å få vurdert og dokumentert fagvanskar, lærevanskar, retten sin til spesialundervisning eller dersom dei opplever dårleg læringsmiljø. Det kan vere lurt å snakke med kontaktlærar eller rådgivar først.
- Skolane kan be PPT vgo om hjelp til kompetanse- og organisasjonsutvikling.
PPT vgo-kontora i Møre og Romsdal
- PPT for Molde og Aukra
- betener Molde vgs, Romsdal vgs, Fannefjord vgs, Hustadvika vgs, Gjermundnes vgs og Tøndergård skole og ressurssenter
- PPT for Surnadal og Rindal
- PPT for Herøy
- PPT for Ulstein, Hareid, Volda og Ørsta
- betener Volda vgs, Ørsta vgs, Ulstein vgs
- PPT for Sykkylven
- PPT for Stranda
- Betener Stranda vgs og Vestborg privatskole
- PPT for Rauma
- PPT for Ytre Nordmøre
- Betener Kristiansund vgs og Atlanten vgs
- PPT for Ålesund
- Betener Ålesund vgs, Borgund vgs, Spjelkavik vgs, Akademiet Ålesund og Haram vgs
- PPT for Sunndal og Tingvoll
- Betener Sunndal vgs og Tingvoll vgs