Fullført vidaregåande opplæring er uavhengig av om du har bestått opplæringa eller ikkje. Du har fullført vidaregåande opplæring når du har gjennomført opplæring som skal føre fram til studiekompetanse, yrkeskompetanse eller fag-/sveinebrev. Du kan få tilbod om å ta fag som ikkje er bestått.
Sluttkompetanse i den vidaregåande opplæringa er enten studiekompetanse, fag-/sveinebrev (eksempel tømrer, barne- og ungdomsarbeidar, helsefagarbeidar), eller yrkeskompetanse etter tre år på skole (eksempel helsesekretær, tannhelsesekretær).
Du kan få generell studiekompetanse ved å bestå dei seks faga som er kravet etter 23/5-regelen; norsk, engelsk, historie, samfunnsfag, matematikk og naturfag. Nokre studiar krev andre fag i tillegg, og desse må du eventuelt ta på eiga hand.
Yrkesfagleg utdanning er utdanning på vidaregåande nivå som gir deg yrkeskompetanse etter tre år på skole (eksempel helsesekretær, tannhelsesekretær), eller fag-/sveinebrev etter fullført opplæring i skole og bedrift (eksempel tømrer, barne- og ungdomsarbeidar, helsefagarbeidar), som praksiskandidat eller fagbrev på jobb.
Ein praksiskandidat er ein som tar fag-/sveinebrev ved å dokumentere nok allsidig praksis frå eit yrke, og som har bestått kravet til teori. Har du lang erfaring frå eit yrke, men er ufaglært, kan denne ordninga vere aktuell for deg.
Modulstrukturert opplæring for vaksne startar fortløpande.
Fag for studiekompetanse blir starta opp i august/september og januar/februar.
Vi har fire ressurssenter i Møre og Romsdal som ligg ved vidaregåande skolar; Romsdal vgs, Borgund vgs, Kristiansund vgs og Ørsta vgs.
Ressurssentera samarbeider med alle dei vidaregåande skolane i fylket.
Kvart ressurssenter har rettleiarar som vil hjelpe deg på vegen mot din sluttkompetanse.
Opplæringa kan også skje gjennom Nettskolen Møre og Romsdal.
Vaksne som startar opplæring må ha berbar datamaskin. Har du ikkje nytta deg av PC-ordninga før, kan du velje å kjøpe elev-PC frå fylkeskommunen. Tilbodet kan berre brukast ein gong og gjeld berre vaksne som har fått vedtak, og har takka ja til våre tilbod om opplæring for vaksne. Meir informasjon om tilbodet finn du på skolestart.mrfylke.no
Er du mellom 19 og 24 år så kan du ha rett til gratis skoleskyss ut det skoleåret som tar til det året du fyller 24 år, dersom du oppfyller nokre krav:
- Du må ha meir enn 6 kilometer avstand mellom heim og opplæringsstad
- Dersom du på grunn av skade, sjukdom eller funksjonshemming har behov for skyss, kan du få det uavhengig av avstanden mellom bustad og opplæringsstad
- Dersom det er nødvendig med båt- eller ferjetransport, utan omsyn til reiselengde mellom bustad og opplæringsstad
Du må sjølv søke kvart år for å få tilbod om gratis skyss.
Rett kopi betyr at eit dokument er stempla og signert av offentleg myndigheit eller etat. Det kan for eksempel vere kommunen din, skolen din, NAV eller på biblioteket.