Realkompetansevurdering

Realkompetanse er den samla kompetansen og erfaringa du har frå skole, arbeid og samfunnsdeltaking. 

Du kan ta utdanning på kortare tid dersom du får godskrive tidlegare erfaring som realkompetanse. Realkompetansevurderinga kan også gi dokumentasjon som du kan bruke til å søke arbeid.

Slik skjer det

Du søker om realkompetansevurdering i Vigo. Vurderinga blir gjennomført av eitt av våre ressurssenter. Det skjer gjennom samtale, eigenvurdering og tilsendt dokumentasjon. Ressurssenteret vurderer kompetansen din mot læreplan i det aktuelle faget på Vg1 og Vg2-nivå. På bakgrunn av dette vil du få eit kompetansebevis. 

Viss du har lite eller ingen yrkespraksis, kan vi ikkje gjennomføre realkompetansevurdering. 

Høgskole/universitet gjer sjølv vurdering av realkompetanse for inntak.

Kostnad realkompetansevurdering

Dersom du har rett til opplæring eller blitt tilvist frå NAV eller kommunen, har du rett til få realkompetansen din vurdert gratis. 

Har du ikkje rett til opplæring kan du få realkompetansevurdering dersom ressurssenteret har kapasitet. Kostnadane for dette må du dekke sjølv. Pris er avhengig av antal fag og type fag.  

Søk om realkompetansevurdering (vigo.no)