SøknadsprosessenSøknads om vidaregåande opplæring for vaksne skjer i søkeportalen Vigo. SøknadsfristDu bør ha søkt og levert dokumentasjon innan 1. mars dersom du vil starte opplæringa i august1. oktober dersom du vil starte opplæringa i januarSlik søker duLogg inn med ID-porten legg inn søknad på vigo.no. Vel «Vaksne som søker vidaregåande opplæring eller realkompetansevurdering». Du skal sette opp tre alternative sluttkompetansar, i prioritert rekkefølge, av det Møre og Romsdal tilbyr. Krav til dokumentasjonRett kopi: Dokumentasjon skal vere stempla og signert av offentleg myndigheit, for eksempel kommune, skole, NAV eller bibliotek. Dokumentasjon på utdanning i Noreg Sjekk at skolegangen din er registrert på vigo.no. Dersom noko manglar, må du sjølv registrere dette og laste opp dokumentasjon i søkeportalen. Last opp:KompetansebevisVitnemål (dersom du ikkje har utdanning etter grunnskolen, må du laste opp eller sende kopi av grunnskolevitnemålet)Fag- sveinebrevKarakterutskrifterDersom du får problem med å laste opp dokument, kan du ta kontakt med oss på e-post: vakseninntak@mrfylke.no Dokmentasjon på utdanning frå andre land enn Noreg Registrer tidlegare skolegang i Vigo.no og last opp vitnemål og anna dokumentasjon. Send også resultat av norsktest og svar frå HK-dir dersom du har dette.Alle dokument som ikkje er frå Noreg, må vere omsett til norsk eller engelsk av ein godkjent translatør.All dokumentasjon må vere stempa og signert av norsk offentleg myndigheit, for eksempel kommune, skole, NAV eller eit bibliotek.Dersom du får problem med å laste opp dokument, kan du ta kontakt med oss på e-post: vakseninntak@mrfylke.no Dersom du manglar dokumentasjon Dersom du manglar dokumentasjon på utdanninga di, må du ta kontakt med den skolen/lærestaden der du tok utdanninga og be om kopi av vitnemål/kompetansebevis/diplom.Dersom du ikkje greier å skaffe dokumentasjon, så må du skrive det i søknaden i vigo.no under «ytterlegare kommentarar».Du må ha fullført 9 år i grunnopplæring for å få tilbod om vidaregåande opplæring for vaksne. Ta kontakt med kommunen der du bor dersom du ikkje har det. Kommunenen er ansvarleg for grunnopplæring, og kan vurdere om du treng opplæring i fag for å kvalifisere til vidaregåande opplæring. Studiekompetanse frå andre land enn Noreg Dersom du har studiekompetanse frå utlandet, har du kanskje godkjent studiekompetanse i Noreg. Utdanninga di må stå på GSU-lista, og du må dekke norsk- og engelskkrav.Sjekk ditt land og utdanning på GSU-listen (HK-dir)Språkkravet i norsk og engelsk kan dekkast på fleire måtar. Samordna Opptak har informasjon om krav til norsk og engelsk og aktuelle prøver/tester.Dersom du ikkje dekker språkkravet kan du:Søke om studiekompetanse og få opplæring i dei faga du manglarSøke om opplæring som gir yrkeskompetanse eller fag-/sveinebrev Fullført høgare utdanning i andre land enn Noreg Har du fullført høgare utdanning i utlandet, kan du likevel få tilbod om opplæring i norsk og/eller engelsk for å dekke språkkrav til høgskole/universitet i Noreg. Då søker du generell studiekompetanse og legg ved dokumentasjon. Du må søke HK-dir om godkjenning av høgare utdanning. Svar frå HK-dir lastar du opp i søknaden din.For å få opplæring i engelsk er det tilleggskrav om:Minimum fem år dokumentert grunnopplæring i engelsk (frå Noreg eller utlandet)Engelskkunnskap på nivå B1Minimum karakter 2, eller godkjend realkompetansevurdering i engelsk frå norsk grunnskole Svar på søknadDu får først eit enkeltvedtak om rett til vidaregåande opplæring for vaksne. Svaret får du i digital postkasse, eller med vanleg papirpost. Les nøye gjennom brevet du får. Dersom du har rett til vidaregåande opplæring, blir søknaden din sendt vidare til regionalt ressurssenter. Ressurssenteret gjennomfører realkompetansevurdering, lagar ein opplæringsplan for deg, og gir deg tilbod om opplæring. KontaktSend epost til: vakseninntak@mrfylke.no