Tilbod om vidaregåande opplæring for vaksne i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal fylkeskommune tilbyr opplæring til ei rekke ulike sluttkompetansar. 

Opplæringa blir gitt i skole, modulstrukturert opplæring (MVOV) eller lærekontrakt. Dei fleste tilboda følgjer MVOV, og blir starta under føresetnad om samarbeid med opplæringsbedrifter. Alle tilboda blir starta om det er nok deltakarar.

I MVOV får den enkelte ein fleksibel og tilpassa veg til fag- og sveinebrev ut i frå erfaring og kunnskap ein allereie har. Ein prosessrettleiar støttar opplæringa. 

Våre planlagte tilbod

  • Apotekteknikar
  • Barne- og ungdomsarbeidarfaget
  • Betongfaget (MVOV)*
  • CNC maskineringsfaget
  • Frisørfaget
  • Generell studiekompetanse
  • Helsearbeidarfaget (MVOV)
  • Helsesekretær
  • Industrimekanikarfaget
  • Kokk/ernæringskokkfaget (MVOV) 
  • Logistikkfaget (MVOV)
  • Malar- og overflateteknikkfaget (MVOV)*
  • Reinhaldsoperatørfaget (MVOV)
  • Røyrleggarfaget (MVOV)
  • Salsfaget (MVOV)
  • Snikkarfaget med fordjupningsområde (MVOV)*
  • Sveisefaget
  • Tannhelsesekretær
  • Transportfaget
     

* Opplæringa organiserast i samarbeid med samarbeidsorganet Byggopp som har bedrifter i heile Møre og Romsdal. Andre aktuelle fag kan vere ventilasjons- og blekkslagarfaget, tak- og membrantekkjarfaget, stillasbyggjarfaget og glasfaget. 

Ønsker du anna sluttkompetanse enn det vi har tilbod om er det mogleg dersom du har relevant praksis- eller arbeidsplass. 

Kontaktinformasjon og utdanningstilbod

I Møre og Romsdal har vi 4 opplæringsregionar. I kvar region ligg eit ressurssenter som organiserar vidaregåande opplæring for vaksne. 

Regionane har ulike tilbod og du kan søke uavhengig av kvar i fylket du bor. Søknaden din vil delegerast til det nærmaste ressurssenteret som tilbyr opplæringa du har søkt om. 

Du finn liste om tilbod og kontaktinformasjon til ressurssentera nedanfor: 

  • Ressurssenteret Nordmøre tilbyr

    • Barne- og ungdomsarbeidarfaget
    • Helsearbeidarfaget - MVOV
    • Reinhaldsoperatørfaget - MVOV
    • Rørleggarfaget - MVOV
    • Salsfaget - MVOV 
  • Kontakt

  • Ressurssenteret Romsdal tilbyr

    • Barne- og ungdomsarbeidarfaget 
    • Helsearbeidarfaget - MVOV 
    • Frisørfaget
    • Kokk-/ernæringskokkfaget - MVOV 
    • Generell studiekompetanse for vaksne
    • Påbygging til generell studiekompetanse etter yrkeskompetanse
  • Kontakt

  • Ressurssenteret Nordre Sunnmøre tilbyr

    • Barne- og ungdomsarbeidarfaget  
    • Helsearbeidarfaget - MVOV
    • Helsesekretær
    • Apotekteknikk  
    • Tannhelsesekretær
    • Reinhaldsoperatørfaget - MVOV
    • Generell studiekompetanse for vaksne
    • Påbygging til generell studiekompetanse etter yrkeskompetanse
  • Kontakt

Spørsmål?