Tannhelsetenesta samarbeider med kommunal rusomsorg/NAV om tannhelsetilbodet til rusmiddelavhengige
Personer som på grunn av sin rusmiddelavhengighet har rett til nødvendig tannhelsehjelp frå den offentlege tannhelsetenesta, eller hos privatpraktiserande tannlege som den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal har avtale med, dersom:
- Dei mottar tenester etter helse- og omsorgstenestelova §3-2 første ledd nr. 6, bokstav b, og § 3-6 nr. 2.
- Dei er under legemiddelassistert rehabilitering (LAR).
- Dei som oppheld seg i behandlingsinstitusjon, etter spesialisthelsetjenestelova §2-1a første ledd nr. 5.
Det er ein føresetnad at tenestene har vart, eller er meint å vare, samanhengande i 3 månader eller meir.
Meir informasjon
For meir informasjon, samarbeidsavtalar, rutinar og skjema, kontakt folkehelserådgivar ved fylkestannlegens kontor. Send e-post.