Akutt tannbehandling

Treng du akutt behandling? Kontakt tannlegen din eller legevakta.

Smerter eller tannskade?

Ved alvorleg tannskade er det viktig å kontakte tannlege med ein gong. Får du ikkje tak i tannlege, så ta kontakt med legevakta.

Tilbakebetaling av utlegg

Har du eller barnet ditt rett til gratis tannbehandling, kan du søkje om tilbakebetaling av utlegg i samband med ei akutt tannbehandling. Original kvittering og ei utskrift som viser kva behandling som er gitt, leverast til den offentlege tannklinikken der du eller barnet ditt vanlegvis er pasient.

Tannlegevakt 

Dei offentlege tannklinikkane i Møre og Romsdal fylkeskommune har ikkje tannlegevakt.

Våre tannklinikkar