Samtale og eksponeringsterapi
Du vil få hjelp av eit tverrfagleg behandlarteam TOO som består av psykolog, tannlege og tannhelsesekretær. Behandlingstilbodet er kognitiv åtferdsterapi retta mot tannbehandlingsangst på inntil 10 timar.
Det er viktig at ein kan møte til oppsette treningstimar hos TOO-teamet dersom ein får tilbod om behandlingsoppfølging. To uteblitte timar vil i utgangspunktet medføre avslutning av behandlingsoppfølginga.
Behovet ditt blir kartlagt i ein samtale med psykolog, slik at vi kan lage eit behandlingsopplegg som er tilpassa deg.
Den vidare oppfølginga bygger på prinsipp frå eksponeringsterapi, som har god effekt på behandling av fobiar. Sjølve angstbehandlinga består av å øve gradvis på dei situasjonane som du synest er mest vanskeleg. Du får moglegheit til å lære deg strategiar til å meistre situasjonar som er vanskelege.
Det tverrfaglege TOO teamet i Møre og Romsdal fylkeskommune er lokalisert på Molde kompetanseklinikk.
Tilpassa tannbehandling
Når du er ferdig hos Tverrfagleg behandlarteam TOO, blir du overført til Tannbehandlarteam TOO. Dei skreddarsyr og gjennomfører tannbehandling etter ditt behov. Teamet har fått nødvendig informasjon, slik at tannbehandlinga blir tilpassa ditt meistringsnivå.
Etter at du er ferdig med behandlinga, er du sjølv ansvarleg for å følge opp tannhelsa hos tannlege eller tannpleiar.
På nettsida tooinfo.no kan du finne informasjon og videoar om behandlinga som blir tilbydt.