Tannhelsetilbod til aldersgruppa 21-24 år

Frå det året du fyller 21 år, og til og med det året du fyller 24 år, kan du få tannbehandling til 75 prosent rabatt i den offentlege tannhelsetenesta. Tilbodet følgjer kalenderåret ut det året du blir 24 år. Tilbodet gjeld for dei som bur eller som oppheld seg i fylket. Rabatten gjeld ikkje kosmetisk tannbehandling, til dømes tannbleiking. 

Reglar gjeldande frå 28.8.2023

Kva gjer du som er 21-24 år for å få rabatt?

  1. Ta kontakt med din offentlege tannklinikk for å avtale time, dersom du ikkje allereie har timeavtale.
    Oversikt over offentlege tannklinikkar i Møre og Romsdal finn du her.
  2. Dersom den offentlege tannklinikken ikkje kan tilby deg time for undersøking og behandling innan 3 månader, kan du bestille time hos ein privat tannlege eller tannpleiar, og betale 25 prosent av takstane som er fastsett av Helse- og omsorgsdepartementet.
    Rabatt for behandling hos privat behandlar får du berre om du først tar kontakt med ein offentleg klinikk for time, og klinikken gir deg beskjed om at det ikkje er kapasitet til å gi deg behandling.
  3. Eigenandelen betalast direkte til den private tannlegen eller tannpleiaren du får utført behandlinga hos. Du skal ikkje sende refusjonskrav. Behandlaren finn meir informasjon om refusjon av behandlingsutgifter nedanfor.

Informasjon til private behandlarar

Pasienten skal betale eigenandelen direkte til den private behandlaren, men maksimalt 25 prosent av departementets fastsette honorartakstar (Helfo-takst). Tannlegen eller tannpleiaren sender refusjonskrav for resterande behandlingskostnad til Fylkestannlegen i Møre og Romsdal. Dette er ei førebels ordning.

Refusjonskravskjema for behandling av pasientar mellom 21 - 24 år. (XLSX, 50 kB)

(Takstane er oppdatert pr. 04.01.2024).

Send skjema for refusjon til:

Fylkestannlegen i Møre og Romsdal fylkeskommune 
Fakturamottak
Postboks 2501
6404 Molde.

Dette har Helse- og omsorgsdepartementet bestemt om det nye tannhelsetilbodet til 21-24-åringar.