Tannhelsetilbod til aldersgruppa 25 - 26 år

I revidert statsbudsjett for 2024 har Stortinget vedtatt å utvide refusjonsordninga for tannhelseutgifter for unge vaksne. Frå 1. juli blir du som fyller 25-26 år i kalenderåret inkludert i ordninga med tannbehandling til 75 prosent rabatt i den offentlege tannhelsetenesta. 

Foreløpig har ikkje tannhelsetenesta fått nærare føringar frå styremakene, så inntil vidare vil ordninga praktiserast på følgjande måte:

  • Den offentlege tannhelsetenesta dekkjer berre tannbehandling som reknast som akutt, nødvendig eller øyeblikkeleg hjelp.
  • Du bør difor utsetje ordinær undersøking til nærare føringar frå styresmaktene ligg føre.
  • Rabatt for behandling hos privat behandlar får du berre om du først tar kontakt med ein offentleg klinikk for time, og klinikken gir deg beskjed om at det ikkje er kapasitet til å gi deg behandling.
  • Behandling og undersøkingar som er gjennomført før 1. juli 2024 vil ikkje bli dekte.


Oversikt over offentlege tannklinikkar i Møre og Romsdal finn du her.