Kva kan du søke støtte til?
Tilskotet skal gå til tiltak og prosjekt i verdsarvområdet Geirangerfjord i Fjord og Stranda kommunar som bidrar til å oppfylle formålet med tilskotsordninga.
Eksempel på slike tiltak og prosjekt er:
- vedlikehald og istandsetting av verneverdige bygg og anlegg
- skjøtsel av kulturlandskap
- skilting, formidling, kurs og forsking
- brannsikring av verneverdige bygningar
Kven kan søke støtte?
- Privatpersonar
- Frivillige lag og foreiningar
- Private verksemder og organisasjonar
- Musea, Fjord kommune, Stranda kommune og fylkeskommune
- Kommunar og musea
Har du behov for hjelp med søknaden kan du ta kontakt med Storfjordens Venner og Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv.
Formål
Formålet med ordninga er å bidra til at verdsarvområda blir utvikla som fyrtårn for den beste praksisen innan natur- og kulturmiljøforvaltning når det gjeld tilstand, forvaltning og formelt vern.
Søknadsfrist
1. november
Støtteordninga opnar for nye søknadar 1. oktober. Når ordninga er open kan du søke støtte via Digisak, Kulturminneforvaltningas søkarportal.
Søknadsskjema i Digisak
Merk: Digisak fungerer ikkje med Internet Explorer. Vi anbefaler deg å bruke ein anna nettlesar, for eksempel Edge eller Google Chrome.
Slik prioriterer vi kven som får støtte
Fylkeskommunen bestemmer om du får støtte, og kor mykje du får, basert på om tiltaket ditt bidreg til å oppnå måla for støtteordninga. Med andre ord, i kor stor grad bidrerg tiltaka dine til å gjere verdensarvområdet til et strålende eksempel på god forvaltning av natur- og kulturmiljø?
I denne vurderinga legg vi blant anna vekt på:
- Prioriteringane i forvaltningsplanen for verdsarvområde
- Kapasitet, kompetanse og anna finansiering til å gjennomføre tiltaket
- Tiltak som bevarer dei verdiane (OUV) som verdsarvstatusen er grunnlagt på
- Tiltak som styrkar forvaltninga av verdsarven
- Tiltak som stimulerer lokalt engasjement og eigarskap
- Forsking og ny kunnskap
Viss du allereie har starta eller fullført prosjektet ditt når du sender inn søknaden din, kan du dessverre ikkje forvente å få støtte. Vi vil prioritere å støtte tiltak som enda ikkje er påbegynt når søknaden sendast inn.
Retningslinjer
Alle tiltak skal skje i samsvar med eit eventuelt vern eller fredingsvedtak sine forskrifter. I tillegg skal fylkeskommunen sine antikvariske retningslinjer overhaldast.
Antikvariske retningslinjer (PDF, 533 kB)
Som hovudregel skal ikkje tilskotet overstige 50–70 prosent av totalkostnaden i det enkelte prosjektet. Unntak frå dette må vurderast i lys av:
- formålet med tiltaket
- kulturminnet/kulturmiljøet sin verdi
- bruken av kulturminnet/kulturmiljøet
I tillegg ser vi på om det er eit særleg stort vedlikehaldsansvar i forhold til bruken.
- Utførande handverkar skal oppgi formell kompetanse og referanseprosjekt med kontaktinformasjon. Handverkarane skal ha fagskulepoeng eller studiepoeng innan praktisk bygningsvern, eller kunne dokumentere tilsvarande vedlikehaldskompetanse.
- Generelt skal det stillast krav til at handverkarane tidlegare har teke del i minst tre prosjekt med tilsvarande arbeidsoppgåver.
- Sentrale fagpersonar og byggeplassleiar i utførande firma må kunne norsk for å kunne diskutere kvaliteten ved utføringa av arbeidet.
- Møre og Romsdal fylkeskommune har moglegheit til å godkjenne utførande handverkar på kulturminne det blir gitt tilskot til.
Ta gjerne ein titt på forskrift om tilskudd verdensarv på nettsidene til Lovdata.
Her finn du forvaltningsplan for vestnorsk fjordlandskap delområde Geirangerfjorden.