Salt eller sand?
Møre og Romsdal fylkeskommune brukar både salt og sand for å hindre at vegen blir for glatt.
Salt fungerer på fleire måtar mot glatte vegar:
- Senkar frysepunktet på vatn slik at det ikkje frys på vegen.
- Hindrar snøen i å klumpe seg saman og feste seg til asfalten.
- Kan smelte ishinne på vegen.
Sand kan vere eit alternativ til salt for å gjere vegen mindre glatt. Ulempa med sand er at den berre ligg på vegen i kort tid. Etter hundre bilar ligg mesteparten av sanda i grøfta og vegen er like glatt.
For å få sanda til å ligge lenger kan vi tilsette varmt vatn slik at ho frys fast til vegen. Dette tiltaket krev stabile vinterforhold med minusgrader, og at det er så lite trafikk at sanda får tid til å fryse fast utan at bilar bles ho av vegen.