Meld frå om feil på veglys

Har du oppdaga veglys som ikkje fungerar langs ein fylkesveg? Meld frå og oppgi kvar lysa står. Her finn du også informasjon om arbeidet med å overta og fornye eldre veglysanlegg

Slik melder du frå

MELD FRÅ OM FEIL PÅ VEGLYS

Ta med så mykje som mogleg av denne informasjonen i meldinga di:

  • Kommune og vegnamn, vegnummer eller adresse.
  • Kvar på strekninga lysa står, gjerne med ei kartlenke.
  • Om feilen gjeld eitt lys, fleire lys eller ei heil strekning
  •  Når du oppdaga feilen.
  • Nummer på lysstolpen eller eit bilete, dersom du har det.

Ved feil som skaper fare i trafikken, ring Vegtrafikksentralen på telefon **175**.

Kven eig vegen og kven har ansvar for lysa?

Lurer du på om veien er fylkeskommunal? Statens vegvesen sin kartløsning viser vegeier. Kartløysinga er ikkje optimal for mobilvisning. Desktop er anbefalt. 

Klikk på veien for å få opp informasjon (PV=privat veg, KV=kommunal vei, FV=fylkesvei, RV=riksveg (Statens vegvesen) og EV=Europaveg (Statens vegvesen).

At lysa står langs ein fylkesveg, betyr ikkje nødvendigvis at fylkeskommunen eig eller driftar lysanlegget. Mange veglysanlegg langs fylkesveg har andre eigarar enn fylkeskommunen. Det vil seie at ansvaret for drift og vedlikehald kan ligge hos kommunen, eit lyslag, ei velforeining eller andre. Fylkeskommunen kan ikkje rette feil på anlegg som andre eig.

Kva skjer med feilmeldinga?

Informasjonen du sender, hjelper oss å finne anlegget og få oversikt over feilen. Kva som kan rettast, og kor raskt det kan skje, avheng mellom anna av ansvaret for anlegget, tilstanden og kor omfattande feilen er.

Dersom fylkeskommunen ikkje eig anlegget som har feil, vil feilmeldinga bli sendt vidare til rett anleggseigar.

Nokre feil kan rettast med mindre reparasjonar. Andre krev større utbetringar eller fornying av anlegget. Vi kan derfor ikkje gi ein felles frist for retting av alle feil. Vi prioriterer retting av feil som påverkar trafikktryggleik.

Vi arbeider med overtaking og fornying

Mange veglysanlegg langs fylkesvegane er sette opp av eigne lyslag og kommunar. No nærmar mange av anlegga seg slutten av levetida og treng fornying.

Fylkestinget i Møre og Romsdal har vedtatt å ta over ansvaret for nokre av desse anlegga, men det vil framleis vere svært mange veglysanlegg langs fylkesveg som ikkje blir tatt over av fylkeskommunen. Arbeidet med å ta over anlegg er kostnadskrevjande og vil ta fleire år. Det er mellom anna behov for kartlegging av teknisk tilstand, frådeling frå kommunale anlegg, tekniske oppgraderingar og utskifting av komponentar m.m.