Nasjonal vegdatabank

Nasjonal vegdatabak (NVBD) er Noregs nasjonale register for vegdata og inneheld informasjon om vegnettet og vegobjekt som skilt, rekkverk, belysning, fartsgrenser og anna vegutstyr. Data brukes av vegmyndigheiter, entreprenørar, naudetatar, kartleverandørar og andre som planlegg, driftar og forvaltar infrastrukturen vår.

For at informasjonen i NVDB skal være påliteleg og kunne brukast til alt frå trafikkinformasjon og beredskap til planlegging og vedlikehald, må registrerte data vere korrekt, oppdatert og komplett. Med over 400 ulike vegobjekt i NVDB, kan det være utfordrande å vite kva som er kva, og korleis objekta skal registrerast.

Sjå rettleiinga for registrering og levering av vegobjekt på fylkesvegnettet til Møre og Romsdal fylkeskommune (kategori 2 og kategori 3 fra NVDB si regelbok Datakatalogen). For kvart objekt står det kva eigenskapar som skal registrerast. Rettleiinga skal bidra til einheitleg registrering, høg datakvalitet og betre datagrunnlag for vegeigar og resten av samfunnet.

Rettleiing for registrering og levering av vegobjekt: NVDB Objektkatalog