Arrangement - bruk av veg

Har du planer om eit arrangement, demonstrasjon, opptog,  stand eller liknande på ein offentleg stad, må du melde frå/søke til politiet og vegeigar. Kommunen kan òg ha reglar du må kjenne til.  For arrangement knytt til fylkesveg søkjer du til fylkeskommunen. 

Du må orientere politiet om arrangementet og eventuelt behov for bistand til trafikkavvikling. 

Finn ut kven som eig vegen

Den som er eigar av arealet som er ønskt nytta må orienterast. Dette vil vere Statens vegvesen for riksvegar og europavegar, fylkeskommunane for fylkesveg, kommunane for kommunal veg eller andre private vegeigarar. 

På vegkart kan du finne ut kva vegen er registrert som. Søk gatenamn og trykk på vegen i kartet. Gjeld arrangementet kun fylkesveg, kommunal veg eller privat veg, må søknad først rettast mot vegeigar og politiet, og så eventuelt til Statens vegvesen ved behov for trafikkregulering.

Sjølve arrangementet kan krevje fleire søknadar.

Bruk av veg

Ved søknad om bruk av offentleg veg, må det kontrollerast at arrangementet ikkje er i konflikt med planlagt arbeid på eller langs vegen. Søknad må innehalde detaljert informasjon om kvar arrangementet skal gjennomførast, kva type arrangement det er snakk om, kva konsekvensar det får for andre trafikantar, og varigheita til arrangementet inkludert rigging.

Søknad om bruk av veg blir behandla av vegeigar.

Søknad knytt til fylkesvegar

Søk om arrangement knytt til fylkesveg

Reklame under arrangement 

Midlertidig reklame langs offentleg veg er søknadspliktig, og må behandlast etter retningslinjer for reklame og trafikkfare. Reklame er søknadspliktig sjølv om reklamen ikkje er på eigendommen til vegeigar, så lenge reklamen er synleg frå vegen. Les om korleis du søkjer om reklame langs veg.

Søknad om reklame blir behandla med heimel i veglova (Lovdata) §§ 33 eller 57, av vegeigar.
Dersom arrangementet avlyses gir du beskjed om dette så snart som mulig.

Kontaktperson på arrangement: May-Bente Nyland