Dispensasjon for spesialtransport

Kva er spesialtransport?

Vegtrafikklovgivinga sett som vilkår for bruk av køyretøy, at lengde, breidde og aksellast som er tillate på vegen, ikkje må overskridast, jf. forskrift om bruk av køyretøy § 5-3, første ledd, nr. 1.

Spesialtransport er eit omgrep som vert nytta om transport av last som har så stor masse eller dimensjonar at dei krev spesialløyve for å transporterast etter offentleg veg.

Søk om dispensjon for spesialtransport

Statens vegvesen er myndigheit for behandling av dispensasjon frå forskrift om bruk av køyretøy § 5-3, første ledd, nr. 1.

Send inn søknad om dispensasjon for spesialtransport via VegSak. 

Har du ikkje brukt VegSak før, så må du opprette ny brukar først

Når du har oppretta brukar og fått tilsendt e-post med påloggingsinformasjon, kan du ta i bruk VegSak. 

Du må sende søknaden til Statens vegvesen seinast tre virkedagar før transporten startar. 

Godkjenning til dispensasjon

For å få dispensasjon for spesialtransport på fylkesveg er det krav om godkjenning av vegeigar (fylkeskommunen). 

Dette skal leggast ved i dispensasjonssøknaden til Statens Vegvesen.

Om vegstrekningane du skal køyre ligger i veglistene 12/65 mobilkran eller 12/100 spesialtransport, kan du få dispensasjon for å køyre disse køyretøya innanfor dei respektive veglistene utan tilsegn frå vegeigar. 

Søknad

Søknad om godkjenning skal sendast til dokumentsenteret, med kopi til saksbehandlar. Behandligstid for godkjenning er 5 arbeidsdagar.

Dokumentsenter

Tlf.: 712 80 460
E-post: dokpost@mrfylke.no

Saksbehandlar (tilsegn) Veglister 

I Møre og Romsdal fylkeskommune er det ein saksbehandlar for sakar som høyrer til veglistene.  

Saksbehandlar: Malin Myrseth
Tlf.: 712 80 436
E-post: malin.myrset@mrfylke.no