Dispensasjon frå byggegrenser

Skal du sette opp eit byggverk langs ein fylkesveg? Då må du søke om løyve. 

Byggverk omfattar bygningar, konstruksjonar og anlegg. Er du i tvil om du treng å søke, kontakt oss på telefon 71 28 00 00 eller send e-post til post@mrfylke.no.

Sjekk vegen din før du søker

I dette kartet får du oversikt over haldingsklassa til dei ulike vegane.

Før du søker, bør du sjekke kva haldningsklasse vegen har. Haldningsklassa gir føringar for kva krav som blir stilt og kva haldning du kan vente til søknaden din. Klikk på vegen din i kartet for å få ei forklaring på haldningsklassa.

Slik søker du

Søknadar om dispensasjon frå byggegrenser i Møre og Romsdal blir behandla av fylkeskommunen. Du søker gjennom felles søknadsportal på Statens vegvesen sine nettsider. 

Søk om dispensasjon frå byggegrense (Statens vegvesen sine nettsider)