Fråvik frå vegnormalane

Vegnormalane er krav som gjeld ved utforming og dimensjonering av offentleg veg- og trafikkanlegg. Dei som ønskjer å fråvike vegnormalane må søke om det. 

Fråvik i krav i vegnormalar blir identifisert i planleggingsprosessen, før oppstart av bygging, ombygging eller oppgradering av veg eller delar av veg. Fråvik blir behandla i ein formell søknadsprosess, og søkaren må få godkjenning av riktig fråviksmynde før fråviket kan nyttast i vidare planlegging.  

Møre og Romsdal fylkeskommune har mynde til å fråvike krava på fylkesvegar i desse vegnormalane:

Statens vegvesen Vegdirektoratet har mynde til å fråvike krava innanfor verkeområdet bru og andre bærande konstruksjonar på fylkesveg, for vegnormalane N400 og N401. 

Statens vegvesen og Vegdirektoratet har mynde til å fråvike krava på all offentleg veg for vegnormalane N300, N301, N302 og N303. 

Søknader som ikkje omhandlar fylkesveg skal sendast til Statens vegvesen eller til den aktuelle kommune. 

Slik søker du om fråvik fra vegnormalane

Søknaden om fråvik sender du til Møre og Romsdal fylkeskommune så tidleg som mogleg. For søknadar som kan ha konsekvens for arealbruk og gjennomføring, skal søknaden behandlast før reguleringsplan blir vedteke.  

I søknaden skal det gå tydeleg fram kva normalkrav det søkast fråvik frå. Det skal ikkje søkast om fråvik frå fleire ulike krav i same skjema.  

  • Del 1 skal fyllast ut av søkaren (sjå rettleiing på siste sida i fråviksskjemaet) 
  • Del 2 skal fyllast ut av fråviksgruppa i fylkeskommunen. 

Last ned søknadsskjema for fråvik frå vegnormalane (DOCX, 77 kB) 

Kva skal søknaden innehalde?

Alle felt i søknadsskjemaet skal fyllast ut (Del 1). Søknaden skal gi forklaring og føresetnad for prosjektet og skal belyse alle sider av saka. I tillegg til å beskrive kva konsekvensar eit eventuelt fråvik vil gi, må det kome fram kva som vil være konsekvensane dersom søknaden ikkje blir innvilga.  

Det skal leggast ved teikningar og andre dokument som er nødvendige for å forstå søknaden på ein god måte. Vedlagte dokument vil utgjere grunnlaget for vedtaket. 

  • Oversiktskart som viser kvar tiltaket det søkast om er.
  • Enkel skisse/kart som viser skilnad i utforming av det enkelte tiltak slik det er søkt om og slik det ville vore om ein følgde krava i vegnormalen. 
  • Teikningar (oversiktsteikning, planteikning, normalprofilteikning, detaljteikning eller liknande) og risikovurderingar.
  • Andre relevante dokument som styrkar søknaden.  
     

Send ferdig utfylt søknad på e-post til: post@mrfylke.no, med prosjekteigar (for eksempel eigar av avkøyrsle eller kontaktperson i fylkeskommunen) på kopi. E-posten skal merkast med «Fråvik frå Nxxx, kommune, fylkesvegnummer» (xxx=nummer på vegnormalen, for eksempel «Fråvik frå N100, Aukra kommune, fv. 530»).  

Om fylkeskommunen treng avklaringar i saka tek vi direkte kontakt med søkaren.  

Interne søkarar  

Interne søkarar, det vil seie søkarar i prosjekt der Møre og Romsdal fylkeskommune er byggherre, skal legge søknaden i Websak+ som internt notat med oppfølging og rette saka til fråviksgruppa sin saksbehandlar. Det er oppretta eigen saksmal i Websak+ for fråvikssaker som skal brukast.

Last ned rettleing for interne brukarar. (PDF, 322 kB)

Kven behandlar søknaden? 

Fylkeskommunedirektøren er delegert mynde frå Samferdselsutvalet til behandlinga av kurante/enkle fråvikssøknader. Desse sakene blir behandla av ei fråviksgruppe (administrativt) utan vedtak i Samferdselsutvalet. Samferdselsutvalet får alle fråvikssaker som referatsak. 

Alle andre fråvikssaker innan samferdsel blir først behandla av fylkeskommunen sin fråviksgruppe som gjev si anbefaling, deretter sendes søknaden til Samferdselsutvalet for politisk behandling. 

Gå til politisk møtekalender for å få oversikt over møtetidspunkt.