Gjennomføringsavtalen blir oppretta etter at fylkeskommunen har kontrollert og godkjent tekniske teikningar.
Når treng du gjennomføringsavtale?
Når du planlegg å utføre arbeid på eller langs fylkesvegområdet, gjeld følgande:
- Vegavdelinga i fylkeskommunen skal kontrollere og godkjenne dei tekniske teikningane
- Det blir laga ein gjennomføringsavtale mellom tiltakshavar og fylkeskommunen
Dette sikrar at fylkeskommunale veganlegg får rett funksjon, innhald og kvalitet. Godkjente tekniske planar er ein føresetnad for å få underskrive gjennomføringsavtalen.
Kva er ein gjennomføringsavtale?
Ein gjennomføringsavtale er en avtale mellom tiltakshavar og fylkeskommunen. Avtalen fungerer som ei godkjenning frå vegeigar si side på at tiltaket kan starte opp. Tiltakshavar, eller ansvarleg prosjekterande, er ansvarleg for prosjekteringa.
Ei godkjenning frå fylkeskommunen erstattar ikkje tiltakshavar eller prosjekterande sin plikt til kvalitetssikring, eller at anlegget blir bygd i samsvar med Statens vegvesen sine handbøker, og god anleggspraksis.
Det er tiltakshavar sitt ansvar at grunnlaget er komplett og at teikningane er utforma etter den standarden vi krev. Teikningar skal leverast i samsvar med Statens vegvesen si handbok R700.
Vi understrekar at teknisk plangodkjenning er basert på gjeldande vegnormalar. Dersom det er gjort fråvik i samband med reguleringsplan, må godkjente fråvik leggast ved.
Dersom det blir oppdaga nye avvik i forhold til vegnormalane, må det søkast om fråvik. Fråvik må vere godkjent før vi kan bekrefte det tekniske underlaget.
Sjå eigen prosess for godkjenning av fråvik.
Slik tar du kontakt
Har du behov for ein gjennomføringsavtale, så sender du ein e-post til post@mrfylke.no. Vi tar kontakt med deg og avtalar eit oppstartsmøte.